Kva skal ein bygdekommune vere, spør innsendaren. Biletet viser Ølen.
Foto: Espen Mills
Debatt
Vindafjord bygdekommune = Ølen by?
Eg les i Grannar om rapporten til Norconsult, om korleis ein legg ned bygde-Noreg. Dette er ein rapport kjøpt og betalt av skattebetalerane som bur på bygda. Bestilt av sine eigne innvalde politikarar/tenerar. Norconsult får alle sine data av kommunen og syr saman ein rapport og konklusjon som kommunen tydelegvis ikkje har mot til å gå ut med sjølve. Er det på denne måten ein skapar levande byder?
Når dette er sagt så lurer eg på kva ein bygdekommune er, og kva framtidsplanar/visjonane har ein? Skal ein oppretthalda bygdene eller skal ein satsa på at folket flyttar inn til byen» Ølen. Og kva skal dei då leva av der?
Eg ser tydleg ein bygd mot by syndrom.»