Erlend Bergsvåg
Erlend Bergsvåg

Debatt

Våre visjonar for Olav Vik Stiftelsen Osnes

Styret i Olav Vik Stiftelsen Osnes registrerer høg temperatur i sosiale medier, på bakgrunn av makebytet ein arbeider med. Det er flott at ein brenn for fellesskapet sine verdiar og me har stor forståing for at det er ulike meiningar om korleis areala til stiftinga skal forvaltast av styret. Me saknar likevel ein meir utfyllande kunnskap om våre planar i desse meiningsytringane. Før ein går til media burde ein kanskje spør seg; kva vurderingar og planar ligg bak initiativet om makebyte?

Ingen av meinings-ytrarane i offentlege medier har vore i kontakt med oss når det gjeld denne saka. Hadde ein gjort det, ville ein fått ei betre forståing for kvifor styret vel å gjere dette og kva visjonar me har for Olav Vik Stiftelsen.

Styret har sterkt fokus er å styrke føremålet i stiftinga. Med makebytet, som stiftinga sitt styre tok initiativ til ovanfor grunneigar, meiner me heilt klart at me gjere det. Føremålet i vedtektene og intensjonen bak vedtektene, gjennom Olav Vik sitt testamente, er grundig vurdert av styret. Me har blant anna innhenta ei juridisk vurdering frå advokat rundt vårt handlingsrom innanfor vedtektene. Denne vurderinga er klar på at dersom makebytet styrker føremålet og disposisjonen har mindre økonomisk betydning for stiftelsen, kan me gjennomføre denne transaksjonen.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS