Tøsse og vegen opp til Eikemo, eit område der to mindre kraftutbyggingar er under planlegging.Foto: Espen Mills/etnebilder.no
Tøsse og vegen opp til Eikemo, eit område der to mindre kraftutbyggingar er under planlegging.

Debatt

Skryteliste for Etne kommune, nordsida av Åkrafjorden

Det var den skrytelista over kva Etne kommune har gjort for nordsida av Åkrafjorden. I min barndom var det folk i alle desse grendene. To ringar rundt juletreet på Bjelland. Eit fantastisk parti av kommunen med små grender; Kalvik, Kvandal, Hammersland, Strand, Bjelland, Eintveit, Djuve, Teigen, Bakka, Tøsse, Eikemo, Glåmo, Nygård, Bråskot, indra og ytra Mosnes. Dette partiet høyrde til gamle Skånevik kommune.

Skånevik kommune hadde planlagt grendaveg Kalvik – Bakka. Det ligg ei flott bru mellom Bjelland og Eintveit som ein del av prosjektet. Skrinlagt av Etne kommune. Grendaveg mellom Bjelland og Eikemo /Tøsse ,vegen vart stukken og planlagt med båt over frå Bjelland til Markhus, det vart ingenting av. Kabelferje frå Eikemo til Viskjer, no var det kanskje berre her det var folk att ? Ikkje sikker. Stort folkemøte på Markhus med ordførar Lars Lundal. Underteikna vart invitert til å halda innlegg om kommunikasjon til Eikemo. Planane var berre prat. Pakkhuset ved Eikemoland er falleferdig. Kaien ved Eikemoland, er ikkje stort større enn traktorane, og du skal vera ein veldig god sjåfør for å snu traktor og tilhengar på kaiområdet.

Fem båtar har forlist i austavinden grunna manglande hamneforhold. Vegen til Eikemo blir brøyta og vedlikehalden. Fantastisk. Dei må kryssa fjorden for å henta posten i Viskjer. No har rådmannen lagt inn pengar til utbetring av kai og hamneområde, og trygg hamn, men kommunepolitikarane meiner at det må vera eit spleiselag på trygg hamn. Det er pay back time for lenge sidan. Det skal visst kosta å bu i utkanten. Eg håpar og trur at dei ombestemmer seg og yter trygghet i kvardagen til alle sine innbyggjarar.

Du verden for ei nordside vi kunne hatt, hadde Etne kommune vore meir framsynte. God Jul.

Liv Eikemo Opdal
utflytta Eikemo-kvinne

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS