Oddvar Haugland.
Arkivfoto: Irene Mæland Haraldsen
Debatt
Om arealplanen for Imsland
I kommunen si planskildring er Imsland omtala som ei av bygdene med spesielle busetnadsomsyn».
Kvifor? Det finst ei regulert bustadtomt ledig. Slik har det vore i mange år. Men det finst òg eit kommunalt eigd areal som vart knytt til Ølmedalsfeltet for svært mange år sidan, kanskje 25–30 år. Ei tomt vart teken i bruk her, på spesielle vilkår og på eit ikkje-regulert areal. Restarealet ligg framleis uregulert, uryddig og lite attraktivt. Få har visst om – og få veit – at her finst det eit kommunalt eigd tomteareal.
Kommunen forsvarar dette med at det blir for kostbart å ha regulerte tomter liggjande ubrukte i mange år. Dette kan ein kanskje forstå. Men kommunen kunne sytt for at arealet vart halde ryddig og synleg, slik at moglegheitene kom tydelegare fram. Ja, tomtene kunne vore svært attraktive der dei ligg fint i terrenget, med nærleik og utsikt til Ølmedalsvatnet.