Nils Reimers
Arkivfoto: Arne Frøkedal
Debatt
No er tida inne for investeringar – ikkje endå meir fondssparing
Slik eg forstår tidlegare oppslag i Grannar og seinare innsyn i kommunale budsjett, driv kommunaldirektøren og politikarane i Vindafjord fondssparing med mål om ein kapitalreserve nær 30 prosent av driftsbudsjettet eller opp mot 300 millionar kroner. Etter mal frå oljefondet er det også laga ein handlingsregel med årleg uttaksgrense på 7,5 prosent. Pengar på bok» gir gode assosiasjonar hjå nøysame Vindafjordingar. Men her dreier det seg om offentleg forvaltning og då kan det verke meiningslaust for ikkje å seie omsynslaust å legge seg opp store fond. Meiningsløysa bygger på at fonda kjem frå innkravde skattar og avgifter samt utbytte frå eigarskap i offentlege føretak.
Fonds-strategien er ekstra viktig å setje lys på no som vi møter den største av alle føresette utfordringar: Eldrebølga. Hjå oss har bølga utløyst planar om-disponering av kommunen sine institusjonar. Slik kan kostnadane haldast nede og sparinga kan halde fram. Det som finst av berekningar av bølga og behovet framover peikar berre oppover. Det har også blitt tydeleg at tilgangen på folk i alle stillingar vil avgjere om vi klarer å møte utfordringa. Nøkkelen ligg altså i rekruttering og effektivisering. Dermed blir trivsel på arbeidsplassen avgjerande.
Kapasitetsauke og moderne anlegg er etter ganske eintydig erfaring beste måte å vidareføre gode arbeidsmiljø. Slike investeringar i ekspansjon og modernisering gir tiltalande arbeidsplassar og lettar rekruttering med ei avkastning langt forbi det ein kan hente frå fondssparing. Like openbart er det motsett veg: Mål om å minimere investeringane vil gi motbakke både for rekruttering og effektivitet. Kjem vi skeivt ut her blir det berre vanskelegare – og etter kvart umogeleg å ta seg inn. Same kor mange pengar vi har på bok.
Eg trur ikkje kommunen manglar innsikt i dette, og det er lovande at det er ei gruppe er på plass for å greie ut planane. Her er det viktig at tillitsvalde og representantar for nytilsette og er representert. Eg trur alle ser behovet for ei stor utbygging i Vats. Eg trur og dei fleste ser at dette vil gje stor avkastning – både økonomisk og for oss sjølv som på eit tidspunkt kjem til å blir brukar. Grunnen til at eg skriv dette innlegget er at eg tykkjer det blir feil å halde på å betale skatt for å fylle fond når vi er i rett tid for å investere for å møte ei konkret og langvarig kostnadsutfordring.
Nils Reimers
Bjoa