Med fokus på lesing
I Skjold barnehage har me i dag gitt vårt bidrag til forskningsprosjektet SPrELL. SPrELL er ei forkorting for prosjektet Samtalebaserte lesePraksiser i barnehage og hjem for Erfaringer med Litteratur og Læring av språk». SPrELL skal blant anna motivere omsorgspersonar og barnehagelærarar til å lese saman med barna.
Forskar Monica Gundersen Mitchell, frå Lesesenteret, Universitetet i Stavanger var på besøk i barnehagen og tilbrakte ein heil arbeidsdag der. Ho fekk omvising i barnehagen og fekk møte nokre av dei tilsette. Hovudmålet med besøket var å gjere eit fokusgruppeintervju med fire av pedagogane i barnehagen der dei skulle fortelje om korleis barnehagen og deira avdeling jobbar med lesing.
Intervjuet er ein del av ei større samling med intervju frå ei rekke barnehagar spreidd rundt i landet som skal gi forskarane ei betre innsikt i barnehagens lesepraksisar.
Dette var veldig kjekt å være med på. Me i Skjold barnehage er veldig opptatt av lesing og jobbar med lesing på alle avdelingar. Store og små koser seg med gode bøker og me gjennomfører spennande leseprosjekter. Me hadde derfor mange forteljingar å dele.
Vibecke Gundersen, fagleiar Skjold bhg