Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Guri Ravatn (SV) har tatt standpuunkt i vindkraftsaka.FOTO: PRIVAT
Guri Ravatn (SV) har tatt standpuunkt i vindkraftsaka.

Debatt

Me må ta naturen på alvor»

Dette sitatet er frå ordføraren i Vindafjord sin nyttårstale i 2024. Ei klok utsegn, etter mitt og SV sitt syn. Politiske avgjerder det siste året har vist at mange folkevalde ikkje har tatt dette innover seg.

I Grannar les eg i innlegg frå Håvard Rørtveit (H) om ein positiv blest over Vindafjord». Han peiker på ulike industrigreiner, avgjerande for inntekt og for arbeidsplassar. Fornuftige perspektiv, men for meg; utdaterte perspektiv. Eg finn ingenting om nedbygging av natur, om global oppvarming, våtare og varmare» eller om naturtrusselen som FN vurderer som sidestilt med klimatrusselen. Der Håvard Rørtveit mellom anna ser pengar og arbeidsplassar, vurderer eg i tillegg konsekvensane for naturen og for innbyggarane våre:

For Dommersnes ser eg få stabile arbeidsplassar, men støy- og lysplager for vikebuen og nedbygging av natur, mellom anna strandlinje og verdifull myr. For Blåfalli – Gismarvik ser eg arbeidsplassar, fornybar energi og mange muligheter, men mest av ser eg storstilt nedbygging av naudsynte natur- og rekreasjonsområde – og at eit gjennomførbart alternativ med sjøkabel var mogleg.

Powered by Labrador CMS