Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Annbjørg Naterstad Våge (t.v.) i lag med rektor Dorthea Margrethe Møgster på Kolbeinsvik Montessoriskule.Foto: Privat
Annbjørg Naterstad Våge (t.v.) i lag med rektor Dorthea Margrethe Møgster på Kolbeinsvik Montessoriskule.

Debatt

Kvifor har folk på Bjoa plutseleg blitt veldig opptatt av pedagogikk?

Grannar refererer til Modolf Haraldseid som stilte dette spørsmålet i formannskapsmøte 3. juni. Spørsmålet om kommunen si innstilling til Montessoriskule på Bjoa har i dag fått tommel ned av formannskapet.

Kvifor blir ein plutseleg så opptatt av vindmøller? Av biogass? Av havvind? Det spring sjølvsagt ut av eit behov. Den ultimate løysinga ligg ikkje nødvendigvis klar med ein gong.

Montessoripedagogikken har eksistert i eit hundreår. Den har vore brukt, erfart, gjennomarbeidd. Læremateriell er utvikla i oppdaterte materiale, men med same pedagogisk uttrykk som Maria Montessori utforma. Fargar skal ikkje ta fokuset frå tala og bokstavane. Læringa skal stå i fokus. Og barnet si naturlege utvikling skal stå i fokus. Det betyr at barna skal få vera barn: dei er nysgjerrige! Dei treng å få dukka ned i tema som dei engasjerer seg i! Dei treng småpausar når det er naturleg, ikkje etter 65 minutt. Dei treng å bli utfordra, ut frå der kvar og ein av dei er. Dei treng å ikkje bli masseproduserte, men å få utforska og utfalda seg slik kvar einskilt er!

Barn i 2025 har faktisk svært mange likskapstrekk med barn på Maria Montessori si tid. Men verda rundt har forandra seg drastisk. Det veit eg foreldre både på Bjoa og i resten av verda er klar over.

Så kvifor har folk på Bjoa plutseleg blitt veldig opptatt av pedagogikk?» Ein skulle tru folk på Bjoa er mistenkte for å ha førebudd eit slags skulekupp frå den dagen saka om nedlegging av Bjoa skule vart vedteken i haust. Det er på ingen måte tilfelle. Mange av oss på Bjoa veit svært godt at skular er krevjande å oppretta. Det freista ikkje nevneverdig. Det var først då tipstelefonar kom frå nabokommunar, vi for alvor gjorde våre første googlesøk. Nokre av oss hadde noko kjennskap til Montessori-skular frå før, andre kjente berre til ordet. Men tanken var sådd, vi forstod det var verdt å sjekka nærmare.

Ein elefant. Og ein sau og ein kenguru. Oppgåva er: hopp så høgt du kan! Oppgåva er lik for alle. Og alle kan få trena like mykje på førehand. Men uansett kor mykje ein sau trener, vil ein (frisk) kenguru alltid hoppa høgare. Og elefanten vil aldri kunne løfta fire bein på likt i det heile tatt. Biletet er banalt, men talande: vi menneske – også barna – vil alltid vera ulike! Å kjøra alle gjennom det same skulesystemet, vil aldri gi barna likt utfall.

Også i den offentlege skulen har elevane sjølvsagt rett på tilrettelegging, medverknad, og å få ITO (Individuelt tilpassa opplæring) ved vedtak om behov. Men har de undersøkt kor godt dette fungerer i praksis? Er elevar og foreldre fornøyde?

Barna opplever klasseromssituasjonen svært ulikt i eit tradisjonelt klasserom. For nokre er det utrygt, for nokre er det gøy å finna på sprell, for nokre er undervisninga interessant, for nokre er det vondt å sitja og føla seg oversett. For nokon gjer det berre vondt å sitja generelt – dei vil ut og gå. Nokon tåler støynivået jamt godt, andre bruker alle krefter på å konsentrera seg i lyden. Nokon lærer aller best ved prat, men har ikkje lært ei roleg pratestemme. Det er også barn med sine oppriktige bekymringar: for sjuke slektningar, nyheiter i media, uro i heimen, kva andre syns om meg, og korleis bussturen heim blir seinare på dagen. På det jamne kan ikkje ein lærar med 20 elevar klara å ta omsyn til alle på likt slik klasserom er utforma og undervisninga er lagt opp i dag.

Og så er det ein anna elefant, nemleg elefanten i rommet. Eller ein av dei, i alle fal: færre og færre barn bur saman med sine storfamiliar. Fleire og fleire barn har ei gjennomorganisert fritid. Ved nedlegging av grendaskular får fleire barn lengre reiseveg. 94 prosent av barn mellom 9 og 11 år har eigen mobil. Vi får uro frå verdas no-situasjon og framtidssituasjon rett inn i hender, hovud og hjarte, – både barn og vaksne. Vi må vedgå at tida vi lever i no, er komplett annleis enn då dagens 30-60-åringar vaks opp. Visst det no meir enn nokon gong er om å gjera å kjøra alle gjennom fellesskulen, forstår eg ingenting.

Har de undersøkt konsekvensane av DET? Ingen friskular/privatskular i Noreg kan ta ut profitt. Skulepengane dekker lunsjkostnader. Det er ikkje pengar som er drivkrafta for skuleeigar. Men vi klarar ikkje sitja stille og sjå på korleis skulefråværet aukar, korleis barn og ungdom i aukande grad står utanfor, korleis ein i mindre og mindre grad evnar (å ha ressursar til) å SJÅ barna og møta dei der dei er. Og barna treng det berre meir og meir.

Vi har vore utruleg heldige med vår grendaskule på Bjoa til nå. Denne skulen har allereie eit flott utgangspunkt for nokre av dei sentrale montessoriprinsippa: aldersblanding, bruk av utemiljø, og god vaksentettleik – og fantastiske pedagogar. Overgangen til montessoriskule vil vera nokså naturleg og nærliggjande på mange måtar. Vi har til no vore kjempeheldige med skulen vår. Og den har vore ein del av fellesskulen – men dessverre den delen som var for godt til at det kunne vera sant.

Men kor felles er fellesskulen, eigentleg? Det er så store skilnader innad i den store sekken som fellesskulen» er, at fellesskuleargumentet er aldeles syltynt. Og årsakene er så samansette og komplekse, at ein ikkje kan skulde alt på verken pengar eller kommunegrenser. Men at fellesskulen er noko som er felles og likt, er tull. At fellesskulen gir like moglegheiter for alle, er tull. Fellesskulen er eit lotteri. Ein kan ha flaks, og ein kan ha uflaks. Har ein uflaks, er ein herved tildelt såre kvardagar i sekund for sekund, minutt for minutt, månader – og år. Det kan setja spor inn i studielivet, vaksenlivet og foreldrerolla.

Og for å svara på spørsmålet: kvifor har vi plutseleg blitt så opptatt av pedagogikk? Fordi: vi høyrer om om konsekvensane av dårlege levekår for pedagogikken i mange delar av den offentlege skulen. Pedagogikken i og for seg er det kanskje ikkje noko gale med. Men i omstenda den skal eksistera, har den det dårleg. Og då får barna det dårleg. Og så får foreldra det dårleg. Så får arbeidsgivar det dårleg. Det er kanskje kommunen. Så har lærarane det dårleg. Og deira arbeidgivar er i alle fall kommunen, eller fylkeskommunen. Det burde ikkje vera så vanskeleg å forstå at vi burde sjå på andre løysingar.

Og så har vi fått denne eureka-opplevinga! Det verkar verkeleg som det FINST ei løysing! Og den er akkurat så enkel som den er genial: nemleg montessoripedagogikken! Vi har lese om, høyrt på, samtalt med og reist på besøk til Montessoriskular. Underteikna er sjølv utdanna pedagog, og har observert med både pedagogbriller» og mammabriller». Vi har til og med høyrt frå montessoripedagogar som endeleg har funne sin plass som pedagogar etter år vekke frå læraryrket. Om montessoripedagogar som vert verande i grunnskulen nettopp fordi dei har fått bruka montessoripedagogikken i sin lærarkvardag. Og først og fremst ser vi elevar som vert møtt på dei behova dei har for rørsle, samarbeid, læring, næring, meistring, utforsking, ro, og interaksjon med vaksne og barn. Mellom anna. Då stilnar protestar og utageringar. Behova er møtt, og eleven er klar for læring.

Vi har nok totalt brukt nokre årsverk på Vindafjord Montessoriskule på fritida allereie. Vi kjenner verkeleg på eit ansvar. For våre barn sin skuleveg og deira skulemiljø. For det lotteriet vi no kjenner at dei er utsett for. Vi ville ha gambla mindre, og gitt dei noko vi veit er trygt: ein skule i trygge rammer, i ei kjent og nær bygd, som er strukturert slik at den skal møta barna der dei er. Når kommunen ikkje tek dette ansvaret for våre barn, ser vi det som vårt ansvar å ta det. Det er ein foreldrerett, men det er i aller høgste grad eit ansvar vi har og tar.

Spørsmålet må i beste fall snuast opp ned: Kvifor har ein del av politikarane slutta å vera opptatt av god pedagogikk? Kvifor seier dei seg nøgde med status quo, når resultata på elevundersøkinga er som den er? Kvifor er dei så livredde for at ein grendaskule med 20-30 elevar vil gjera fellesskulen forringa?

Annbjørg Naterstad Våge,
mamma og pedagog
Powered by Labrador CMS