Asbjørn Espeset i Vegforum Øst-Vest ber innstendig om at E134-strekkja mellom Bakka og Mo i Etne kommune blir prioritert i den komande Nasjonale Transportplanen. Her Espeset ved ved flaskehalsen» Håfoss.
Arkivfoto: Arne FrøkedalFOTO: Foto: Arne Frøkedal
Ope Forum
Den dårlegaste E134-parsellen mellom Drammen og Karmøy
Arbeidet med Nasjonal Transportplan (NTP) er nå inne i ein avgjerande fase. Samferdselsdepartementet (SD) har fått forslag og innspel frå interesseorganisasjonar, næringsliv, kommunar og fylkeskommunar. Nå skal framlegg til NTP utformast i SD og leggjast fram for Stortinget i februar/mars neste år. Stortinget gjer sitt vedtak i mai/ juni. Då blir prioriteringane for sjøfart, luftfart, jernbane og ikkje minst det nasjonale vegnettet fastlagde for perioden 2022-2033. SD har presisert at det er i den første seksårsperioden, 2022-2027, vi finn dei aktuelle utbyggingsprosjekta.
Kva så med E134? Kor står denne viktigaste aust-vest forbindelsen i denne prosessen?
Vegforum Øst-Vest (VØV) har som formål å få bygd ut ein vintersikker, miljøvennleg og framtidsretta E134 over fjellet, frå Karmøy til E6 på andre sida av Oslofjorden. VØV har spelt inn 3 strekningar til NTP i den første seksårsperioden: