Ordførar i Vindafjord, Ole Johan Vierdal, og Harald Løland var to av dei som reagerte på utspelet til Lasse Fredheim. Arkivfoto
Debatt
Aprilspøken til Fredheim
Me trudde det var ein aprilspøk då me opna Grannar på nett og las at Rogaland Høgre sin representant Lasse Fredheim meiner at Vindafjord kommune skal betala for kollektivtilbod som Rogaland fylke har ansvar for.
For å ta historia først. Båten har gått frå Ølen i 75 år. Hausten 2024 bestemte Høgre, Frp, Venstre og Krf at dei ikkje hadde pengar til å drifta denne ruta vidare. Dette er ei ruta som går frå Rogaland til Vestland fylke. Når Rogaland nå har tatt bort pengane, så har ikkje Vestland fylke ansvar for å drifta båtar som går i Rogaland lengre. Dette vedtaket blei gjort for nokre veker sidan. Ruta vil difor forsvinna frå sommaren 2025, og ei lang båthistorie i Ølen er forbi.
Det skapte reaksjonar då Vestland fylke fekk denne saka på bordet. Først no kjem samferdsleleiaren i Rogaland, Lasse Fredheim (H), på banen. Kvifor la han ikkje fram løysingar i haust då pengane faktisk blei fjerna?