Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Kommunen sitt arbeid for å trygge skulemiljøet ved Enge skule (bildet) og Skånevik skule blir sett under lupa i månadene som kjem.Foto: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Enge skule i Etne.

Nynorskelevane våre må få digitalt likeverd

Regjeringa sitt framlegg til ny opplæringslov er ikkje god nok for nynorskelevane. Som skuleiegarar i landets største nynorskfylke er vi heilt avhengige av at våre eigne partifeller justerer lova i Stortinget – slik at ho sikrar nynorskelevane ei opplæring på språket sitt.

Framlegget om språkdeling i ungdomsskulen og absolutt krav om nynorske skriveprogram er veldig bra. Men situasjonen i nynorske klasserom er så alvorleg at utan endringar vil den nye lova føre til ulike læringsvilkår mellom nynorsk- og bokmålselevane.

Den nynorske skulekvardagen inneheld for mykje bokmål, og digitaliseringa av skulen har gjort problemet større dei siste åra. Nynorskelevane blir ofte tilbydde digitale læremiddel på feil språk. Det hjelper ikkje at elevane får eigne språkklassar dersom dei ikkje har læremiddel på undervisingsspråket sitt.

Powered by Labrador CMS