Ådne Hundhammer Reed lada kanona, og skaut Bjoa i leiinga i kampen mot Skånevik under oppgjeret i bluesbygda i vår. Søndag spelte laga kamp på Bjoa.
ARKIVFOTO: MAGNE SKÅLNES
Sport
Uavgjort i lokaloppgjer
Bjoa og Skånevik delte poenga då dei spelte 1–1 søndag. To dagar tidlegare reiste Etne heim frå Finnås med tre poeng etter ein 2–1-siger.
Kampen mot Skånevik var Bjoa sin siste kamp på heimebane i 7. divisjon i 2025.
Sikra seg beste tabellplassering
Tor Vee Sandsgård gav heimelaget leiinga på Bjoa stadion etter 13 minutt. Rett før pause utlikna Espen Molnes Lauareid for Skånevik.