Tre poeng til Etne
Etne skulle møta botnlaget Ferkingstad heime på kunstgrad torsdag kveld, men Karmøy-laget stilte ikkje. Dermed er resultatet førebels sett 3-0 i 5. divisjonskampen og dei tre poenga hamnar truleg i Etne. Det er ikkje første gong i årets sesong at Ferkingstad ikkje har kunna gjennomføra terminoppsett kamp. I ein seriekamp tidlegare i veka spela Vats 94/Skjoldar mot Vedavåg Karmøy 2 på bortebane. Resultatet blei 3-3 etter at det stod 2-0 ved pause. Einar N. Myhre, Øystein Berge Gjellestad og Svein Haldor Skare skåra for laget frå Vindafjord. Begge laga skåra på overtid i ein spennande kamp.
Den lokale fotballsesongen går mot slutten og dei tre lokale laga kjempar verken om opp- eller nedrykk. Einaste spenning igjen er kven som blir beste laget i Grannar-distriktet. Der ligg Etne best an, men Ølen har éin kamp mindre spela og kan koma eitt poeng bak med siger mot Vedavåg Karmøy 2 på heimebane måndag. Laga har to serierundar igjen.
Tabellen
| Kampar | Poeng | ||
| 1 | Skudenes | 19 | 52 |
| 2 | Hemmingstad | 19 | 42 |
| 3 | Etne | 20 | 38 |
| 4 | Ølen | 19 | 34 |
| 5 | Vats 94 / Skjoldar | 19 | 32 |
| 6 | Nord | 20 | 28 |
| 7 | Kopervik 2 | 20 | 27 |
| 8 | Karmsund | 19 | 26 |
| 9 | Leirvik BK | 20 | 21 |
| 10 | Haugar 2 | 20 | 18 |
| 11 | Ferkingstad | 20 | 10 |
| 12 | Vedavåg Karmøy 2 | 19 | 8 |