Beathe Hegerland frå Etne tok gull under EM i karate. Bildet er frå eit tidlegare meisterskap.
Arkivfoto: Privat
Tok sølv i Spania
9. april tok Beathe Hegerland (32) frå Etne Kyokushin karateklubb ein imponerande andreplass i Spanish Open. Med sølvet følgde ho opp prestasjonen sin frå NM i mars.
Hegerland konkurrer -65 kg-klassa i full-kontakt karate, kor det kjempast utan hanskar eller beskyttarar. Ho var Etne-klubben sin einaste deltakar i Spania.
Tilleggstid
I den første kampen i turneringa møtte Hegerland ein høg og sterk spansk utøvar. Kampen gjekk først to minutt, men dommarane utvida kampen med to nye minutt før dei gav sigeren til Hegerland. Førebuingane til neste kamp starta med ein gong sigeren var i boks.