Thomas Lien i duell med fleire Skjold/Stegaberg-spelarar.
FOTO: MAGNE SKÅLNES
Tøff opningskamp for Etne
Det var flotte rammer rundt seriestarten i 5. divisjon i Etne onsdag. Med nydeleg vér, open kiosk, full tribune, og Morten Odeen som speaker.
Alt låg til rette for ein fin kamp, med tysværlaget Skjold/Stegaberg som motstandar. Men laga baud ikkje akkurat opp til dans den første halvtimen. Begge lag virka redde for å blottlegga seg bakover i bana, og hadde fokus på trygge løysningar, der dei heller kunne sett fart framover i bana. Det var ein sjansefattig omgang, men nysigneringa Johan Grønset på Etne, fekk ein god sjanse mot slutten av omgangen. Han kom litt skrått til slutt, og keeperen fekk redda til hjørnespark.
Skjold/Stegaberg på si side hadde eit par store sjansar. Den første avverga keeper Lars Øvernes med å rykke ut utenfor 16-meteren og redda med kroppen. Øvernes var óg på pletten då bortelaget fekk sin største sjanse minuttet før pause. Ein mållaus og til tider litt kjedeleg omgang var kommen til ende.