Nå luktar det opprykk: Ein av kveldens målskårarane, Tøres Rullestad, takkar keeper Lars Øvernes for at det ikkje blei baklengsmål i ein tidlegare kampe.
Arkivfoto: Magne Skålnes
Sterk bortesiger og i posisjon til å bli seriemeister
To rundar før serien er avslutta, er Etne i god posisjon til å rykka opp til 4. divisjon.
Borte mot Vedavågen Karmøy torsdag kveld blei det tre svært viktige poeng til Etne i kampen om puljesigeren. For samstundes som dei grønkledde vann, gjekk topplaget Nord på eit tap borte mot Avaldsnes.
Desse resultata gjer at Avaldsnes nå leiar puljen med to poeng føre Nord og Etne, men med éin kamp meir spela enn dei to rivalane.
Keeper Lars Øversnes er svært letta over å dra heim med alle poenga i den vanskelege bortekampen mot Vedavåg Karmøy.