Kristine Lande Dommersnes (midten) sette ny løyperekord i Langs Åkrafjorden. Med seg på pallen fekk ho Marie Kloster (f.v.) og Mari Arnestad.
Foto: Privat
Rekord i jubile
Med tida 38,18 minutt på den 11 km. lange løypa slo Lande Dommersens, som representerer Haugesund IL, den gamle rekorden til Pernilla Epland (Stord IL) frå 2018 med 1,01 minutt. Tida hadde haldt til tredjeplass i herreklassa. Lande Dommersens har til saman ni NM-medaljar på 1.500 meter, 3.000 meter, terrengløp og stafett, med to gull på 800 meter stafett (2017 og 2018) og eit på 3.000 meter innandørs som høgdepunkt.
Godt oppmøte
Forholda låg til rette for gode tider i løpet frå bensinstasjonen på Tjelmeland til målgang ved Åkrafjordtunet på Teigland med stort sett sol og berre ei lita regnbye når dei siste sprang til mål. Fleire titals fakkelboksar lyste opp dei lengste tunnelane som løypa går gjennom. John Karsten Hustveit var speaker mens Olav Samland var løpsleiar.