Ølen med sterk bortesiger
Både Ølen og Etne har vore til Karmøy fredag kveld og spelt sine kampar i den åttande runden av 5. divisjon. Ølen møtte Åkra 2 som har hatt ein god start på sesongen. Og Åkra 2 tok leiinga i første omgang, men Per Skjæveland utlikna for Ølen. Etter pause sette Stian Haugland og Oliver Vestbø kvar sitt mål for Ølen, slik at resultatet vart 1-3 i gjestene sin favør.
Kopervik 2 har hatt ein dårlig start på sesongen, og stod berre med tre poeng før kveldens kamp. Men Etne fekk ein nedtur etter å ha vunne fire kampar på rad. Heile 4-0 vart det til Kopervik 2, etter 1-0 til pause. Etne brann elles eit straffespark på stillinga 1-0, og klarte ikkje å finna vegen til nettmaskene i denne kampen.
Med desse resultata snik Ølen seg forbi Etne på tabellen på betre målforskjell. Laga ligg nå på 7. og 8. plass, medan Vats 94/Skjoldar står med eine foten i nedrykkstriden med berre tre lag bak seg på tabellen.
Tabellen
| Kampar | Poeng | ||
| 1 | Haugar | 9 | 25 |
| 2 | Vedavåg Karmøy | 8 | 19 |
| 3 | Hemmingstad | 9 | 18 |
| 4 | Skudenes | 9 | 17 |
| 5 | Stegaberg | 9 | 15 |
| 6 | Åkra 2 | 9 | 15 |
| 7 | Ølen | 8 | 12 |
| 8 | Etne | 8 | 12 |
| 9 | Leirvik Ballklubb | 9 | 12 |
| 10 | Nord | 9 | 10 |
| 11 | Vats 94 / Skjoldar | 8 | 8 |
| 12 | Torvastad | 9 | 7 |
| 13 | Kopervik 2 | 9 | 6 |
| 14 | Sauda | 9 | 0 |