Ingen nabooppgjer denne sesongen. Her dei to laga etter eit tett møte i fjor - Ølen i raudt, Skånevik i gul-raudt. Bak frå venstre: Sandra Hegerland, Victorie Haaranes Lund, Astrid Gundersen, Irmelin Molnes, Helene Haukland, Heidi Straumsøy, Anita Moe Tungesvik, Anna Nordtveit, Randi Aga Larsen og Heidi Haugland. Fremst frå venstre: Rebekka Ebbesvik, June Hornenes, Anne Marte Vinjerui Vaka, Marta Ebne, Ingrid Nilsen Sørli, Åse Hjelmervik, Amalie Aasheim og Silje Digernes Lothe.
Foto: Privat
Ølen best i lokaloppgjer – kjempar i toppen
Ølen var klar favoritt i lokaloppgjeret og innfridde, men motstandar Skånevik ytte tøff motstand.
Søndagens damehandballkamp i Ølen idrettshall samla rundt hundre tilskodarar, noko som viser at det er ekstra stor interesse for denne idretten når det er nabooppgjer. 5. divisjonskampen var lenge svært jamn og prega av høg temperatur og stor innsats. Heimelaget rodde sigeren i land med resultatet 22-18 etter at det stod 10-10 ved pause.
For utflytta skåneviksbu Helene Haukland, som er oppmann, assisterande lagleiar og spelar på Ølen, var kampen spesiell med Skånevik som motstandar.
— Det gir ein ekstra nerve i kampen, men for alle spelarar er det alltid spesielt når lag frå ei nabobygd står på motsett banehalvdel, seier Haukland som kjente det godt på kroppen etter den tette matchen.