Ole Johan Espeland på farten for Bjoa IL. FOTO: MAGNE SKÅLNES
Ole Johan Espeland skåra for Bjoa i sin andre kamp på rad onsdag. Her frå første heimekamp 23. april.

Sport

Ny siger

Publisert Sist oppdatert

Det stod 0–0 heilt fram til det 68. minuttet, då Roger Vaka sette inn 1–0 for heimelaget. Det var Vaka sin debut for Bjoa IL, etter at han blei speleklar 29. april. Han meldte overgang frå Ølen, der han spelte i mange år, seinast i 2023. Vaka er ein seks spelarar som blei speleklare for Bjoa i april.

Etter 78 minutt dobla Ole Johan Espeland leiinga for Bjoa. Espeland skåra med det i sin andre kamp på rad, etter å ha blitt matchvinnar i 1–0-sigeren borte mot Skudenes 2 i førre kamp.

Ole Marcus Thorsen Drivdal reduserte for Vedavåg 3 etter 87 minutt, men gjestene klarte aldri å hente inn forspranget. Dermed vann Bjoa ein kamp på seniornivå på Bjoa stadion for første gong sidan dei gjorde comeback denne sesongen. Dei deltok sist i seriespel i 2021.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS