Kevin Ribesen skåra i årets site kamp. Her frå tidlegare i sesongen.
ARKIVFOTO: MAGNE SKÅLNES
Sport
Ny siger til Skånevik
Skånevik slo til med sin andre strake siger, etter 4-2 mot Kopervik 3 måndag kveld.
I påvente av at den nye kunstgrasbana skal bli klar i Skånevik, har laget spelt fire bortekampar i starten av sesongen.
Kunstgrasbana har endå nokre detaljar igjen før den er heilt klar, så mandagens kamp gjekk på den gamle grasbana. Den var nok litt humpete, men såg ikkje så aller værst ut med tanke på at det er tidleg på året.
Den første omgangen var rimeleg jamn, der bortelaget hadde ballen mest, medan Skånevik såg farlegare ut på sine visittar på motstandarens banehalvdel. Heimelaget fekk utteljing før det var spela ti minutt av kampen, då eit langskudd frå Peder Sævareid traff tverrliggaren. Returen fekk Amund Sævareid Straumsøy kjempa over målstreken til ei tidleg leiing.