Trenar Jan Arne Strøm og Etne gjekk på tap i Skudeneshavn.
Arkivfoto: Magne Skålnes
Målfattig oppgjer i Skudeneshavn
For våre lokale klubbar er turen ut til Skudeneshavn for å spela mot Skudenes årets lengste bortereis, og då er det kjekt å få med seg poeng heim etter kampen. For Etne sin del lukkast ikkje dette torsdag kveld, då dei måtte reise heim utan poeng.
Kampen såg ut til å ebbe ut som ein mållaus uavgjortkamp, men vertane sin spelar, Thomas Risdal, ville det annleis. Tre minuttar før full tid sette han inn det avgjerande målet, og påførte Etne det første tapet i haust.
Etne ligg på femteplass med sine 26 poeng, og slit med å halde tritt med Ølen og dei andre topplaga. Laget treng no ein siger i neste runde, når dei tek imot Sauda på heimebane.