Jespersen ute av laget
Kan få ny sjanse seinare i OL.
I dag kom meldinga mange hadde frykta. Chris Jespersen har ikkje funne forma igjen etter sjukdomsavbrekket og skal ikkje gå sundagens skiathlon – 30 km med skibytte.
— Chris har prøvd å pleia forma og forsøkte seg på ei hardøkt torsdag med blanda resultat. Lungene hans er bere på 99 prosent, og dei må være 100 prosent for at han skal gå i et OL, uttaler landslagstrener Trond Nystad, skriv langrenn.com.
Chris Jespersens (30) sitt Sotsji-OL er ikkje øydelagt sjølv om han ikkje får gå sundagens skiathlon som er første renn for skiherrane. På grunn av hans fantastiske prestasjonar før jul og fram til Tour de Ski har skåneviksbuen vore bankers på laget som skulle gå i OL. Dessverre blei han sjuk tidleg i januar og dette ville ikkje sleppa taket på fleire veker.
Nystad opplyser at sjansane hans for å gå seinare i meisterskapen framleis er kjempegode.
— Nå handlar det berre om å vera forsiktig. Det er hardt nok å gå skirenn om du er frisk, og om du berre er på 99 prosent blir det ikkje noko lettare. Om dette hadde for eksempel hadde vore ein verdscupavslutning i Falun, så hadde han gått. Me prøver bere å vera forsiktig her, seier Nystad til NTB.
Jespersen er aktuell både på 15 kilometer klassisk, stafett og femmil. Første sjanse er fredag då 15 km går, men først må han finna attende til storforma han viste tidlegare i vinter.