Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Sport

Heimesigrar i NMK Vikedal cup

Publisert Sist oppdatert

Dette opplyser NMK Vikedal i ei pressemelding. I NMK Vikedal cup får ein poeng i alle dei tre bilcrossløpa som har vore arrangert i Vikedal i år.

Vegard Owe vann alle sine heat i innleiande omgangar suverent og hadde beste startspor i finalen. Der vart det jamnare ut frå start, men Vegard kom seg først gjennom første sving og hadde full kontroll på sigeren etter det. Bak han var det tett kamp og fleire skifte i rekkefølgja. Nærmast i mål var Heine Lian, Oltedal, framfor tvillingane Torstein og Thomas Steine frå Suldalsosen. Caroline Karlsen og Magnus Kvåle, NMK Bergen, følgde deretter.

Tobias Johansen hadde ikkje full klaff i innleiande omgangar, men vann B-finalen og gjekk viadre til A-finalen. Der stod Kjell Vidar Handeland frå Sauda i beste startspor med Thomas Hundseid Eikeland. Thomas måtte gi seg tidleg med tekniske problemer. Tobias hadde ein kjempestart frå ytterste startspor og runda rundt alle og kom først gjennom første sving. Deretter var det mest spennande kven som skulle komma nærmast. Det var det til slutt Ole Apeland, NMK Egersund, som gjorde, med Kjell Vidar rett bak.

Powered by Labrador CMS