Sverre Ramsfjell var frampå med ei ny skåring i kampen mot Djerv 1919 2. Arkivfoto: MAGNE SKÅLNES
Sverre Ramsfjell var frampå med ei ny skåring i kampen mot Djerv 1919 2.

Heiderleg resultat

Ølen kunne frykte det verste før tirsdagens kamp mot Djerv 1919 2, då kveldens motstandarlag slo Etne 0-7 i Etne på fredag, men det vart ikkje så stygge siffer for raudtrøyene. Det stod 0-2 til pause, men Sverre Ramsfjell reduserte til 1-2 rett etter sidebyte.

Gjestene trygga sigeren til 1-3 med ei skåring til seinare i omgangen, og sikra samstundes opprykket når leiinga til Avaldsnes nå er på tre poeng og 28 plussmål før siste omgang.

Ølen legg beslag på fjerdeplassen på tabellen, og kan vera trygge på at dei ikkje skuslar vekk forspranget til Etne, som er på ni plussmål før Ølen spelar sin siste kamp på Rubbestadnes på laurdag. Etne har spelt sin siste kamp, og havnar på plassen bak Ølen.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS