Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Maren Skrunes prøver å komme seg unna Ida Pettersen og resten av forsvarsmuren. Foto: Svein-Erik Larsen
Maren Skrunes prøver å komme seg unna Ida Pettersen og resten av forsvarsmuren.

Handballen vaknar til live

Publisert Sist oppdatert

For Eline Hundhammer Siglen (22) sin del er det første gongen på fire år at ho speler handball.

— Det er kjempekjekt at me skal spele kampar igjen, seier Hundhammer Siglen.

Ho fekk æra av å avgjere den avsluttande kampen på treninga med å sette inn siste målet vinn»-scoringa

Godt oppmøte

Laget spelar sin første seriekamp borte mot Avaldsnes i Håvik Idrettshall 8. januar. Halve seriesesongen i 5. divisjon er allereie spelt, så det set grenser for kor høgt Ølen kan ende på tabellen.

— Me har spelt to treningskampar og er spente på nivået, fortel trenar Rolf Granli Gangdal.

Dei starta opp med treningar i august og har hatt eit snitt på rundt 14 spelarar på trening. På det meste har 20 spelarar vore med. Aldersspennet har vore frå 36 år til nokre J15-spelarar som har vore med på enkelte treningar.

— Eg er veldig fornøgd med oppmøtet, seier trenaren.

Totalt 14 spelarar er registrert til seriespel så langt. Gangdal håpar at det blir eit par til før avkast. Spelarane kjem i frå alt frå Skånevik til Lundeneset.

Trivsel viktigast

Grunna litt sjukdom i dei seinare vekene var det lenge litt usikkert om det blei trening denne siste tysdagen før jul, men då kvelden kom, var elleve jenter på plass i Ølen idrettshall. Treninga starta med ei kjapp fotballøkt som oppvarming, før dei gjekk over til kastøvingar. Det var musikk og lett og ledig stemning gjennom dei første øvingane.

— Regel nummer éin er at me skal ha det kjekt. Eg likar å sjå smil, fortel Granli Gangdal.

Han har erfaring som spelar på Stord før han flytta til Ølen og blei trenar for første gong i 2001. Då trena han aldersbestemte lag i eit par år. Sidan har det vore av og på med treneroppdrag med alt frå handball for dei minste, til kvinnelaget. Gjennom treninga gav han klare instruksjonar, spesielt i øvingane der dei spelte forsvar mot angrep.

— Me har spelarar på ulike nivå som alle skal føle at dei får ei lita utfordring på trening, seier Granli Gangdal.

Ei av dei som er i den øvre delen nivåmessig, er Astrid Haugland Gundersen (22). På treninga klarte ho å komme seg forbi resten av gjengen og score i skotøvinga der alle som bomma, blei ein del av forsvarsmuren. Ho har tidlegare spelt i 3.divisjon med Åkra.

— Det kjennest heilt fantastisk å ha lag i Ølen igjen. Me har venta på dette sidan korona, fortel Haugland Gundersen.

Powered by Labrador CMS