TIF Viking laget med pokalen. Frå Vindafjord er nummer 15 Vera Gjerde lengst til høgre på sida av nummer 11 Bertine Skipevåg Tveit og nummer 9 Norma Imsland delvis skjult til venstre.
PRIVAT
Fleire lokale gullvinnarar
— Det var heilt fantastisk. Me har hatt ein litt
trøblete sesong, der mange har vore ekstra motiverte for å slå oss etter
fjoråret. Likevel klarte me til slutt å kjempe oss til ein andreplass i serien,
berre eitt poeng bak Førde Volleyballklubb, seier Hedda Gjerde.
Grunna andreplassen var
det ekstra spesielt for dei å slå nettopp Førde i finalen. Vikedalsbuen omtalar
det som ein jamn og intens kamp, og ei herleg kjensle då dei vann. Kampen enda
3–1 til TIF Viking, som var same resultatet som då dei slo Koll IL i semifinalen.
Dette var andre året på
rad at TIF Viking vann sluttspelet. I 2025 vann dei også Mizunoligaen (serien)
og NM.