Bli abonnent – få full digital tilgang!
OL-tilbod: Kun 1 kr ut mars!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Frank Stople frå sin førre periode i FKH. No er han tilbake.

Fekk ny FKH-kontrakt

Publisert

Det fortalde styreleiar Leiv Helge Kaldheim i FK Haugesund på eit medlemsmøte på Haugesund stadion torsdag, skriv Haugesunds Avis, som var først til å omtale saka.

— Me har hatt ein veldig tett og god dialog med Frank heile vegen, og det er godt å ha han på plass. Saman med Amund Wichne og Einar Bøe Fauskanger dannar han eit veldig sterkt keeperteam, sa sportssjef Kristoffer Haraldseid til Haugesunds Avis etter møtet.

Frank Stople kom tilbake til FKH frå Strømsgodset sommaren 2025, då han signerte ein kontrakt ut det året. Frå før har han lang bakgrunn i FK Haugesund – både som spelar i Kraftakademiet og som ein del av A-stallen. Han signerte sin første proffkontrakt med FK Haugesund som 16-åring i desember 2018 og fekk sidan debut i FKH-drakta i 2020-sesongen. Totalt fekk Stople sju offisielle kampar for FK Haugesund i løpet av si første tid i klubben, før han i januar 2024 vart seld til Strømsgodset.

Powered by Labrador CMS