Sport
Fekk lære nye fotballtriks
Fotballøvingar med ulike teknikkar blei testa ut under aktivitetsdagen på fotballbanen i Vats. 10 år gamle Mathias Stokland fekk prøva seg på heading.
På Hatteland Stadion i Vats er det full fart. Det er første dag av Kulturveka i Vats 2024, der mellom anna fotballaktivitetar for dei yngste står på programmet. Denne dagen skal spreke jenter og gutar i alderen 6 til 14 år få læra seg både å triksa med fotballen, skyta mål og øva seg på heading. Ungane blir delt inn i grupper med kvar sin instruktør i spissen og etter tur får ungane prøva seg på dei ulike aktivitetane.
— Er det min tur nå, seier Mathias Stokland (10) og held eit godt grep rundt fotballen.
I dag skal han få testa ut kunsten å nikka ballen av garde med hovudet. Med konsentrasjonen på topp gjer han eit første forsøk. Kvar deltakar får to forsøk, og på forsøk nummer to slår han skikkeleg til. Ballen fyk av garde, og 10-åringen kan stolt kryssa av for vel utført oppdrag.