Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Etne var overraskinga

Publisert Sist oppdatert

Siste spark på ballen i det offisielle programmet er tatt. Det er tid for å oppsummere og sjå tilbake om 5. divisjon vart slik ein såg føre seg i starten på året.

Den lokale puljen i 5. divisjon vart spanande i både topp og botn, men ingen av dei lokale laga var involverte heilt i toppen. Nedrykksstriden var òg fri for lokal deltaking, sjølv om Vats 94/Skjoldar etter ein middels vårsesong låg faretruande til då laga tok sommarferie. Men etter ein god periode i haust, var laget utanfor fare for nedrykk fleire rundar før slutt.

Overraskingar var det ikkje fritt for dette året heller, og Hemmingstad var rekna som ein av dei desiderte favorittane til å vinne serien. Men etter nokre rundar der haugesundslaget hang fint med i toppen, kom nyheitene om interne problem. Trenaren trekte seg, og laget gjekk litt i oppløysning. Det var såvidt dei berga plassen til slutt, berre fem poeng over streken, og bak alle våre lokale lag. At Nord skulle rykkje ned, var òg ganske uventa, sjølv om dei nesten greidde seg etter ein god sluttspurt.

Powered by Labrador CMS