Lars Øvernes og Etne IL står framleis utan poeng på bortebane i år.
FOTO: ALF-EINAR KVALAVAAG/TYSVÆR BYGDEBLAD
Sport
Etne frå triumf til kjempetap
Etne IL var høgt oppe etter sigeren over Ølen i lokaloppgjeret sist veke. Men torsdag kveld fekk dei grisebank i Tysvær.
Det var spenning på førehand om kor gode Etne eigentleg var etter sigeren over Ølen i lokaloppgjeret sist veke. Men etter ein ny kamp torsdag kveld kan ein slå fast at Etne ikkje er særleg gode, i alle fall målt mot Skjold/Stegaberg.
Måla rann inn – feil veg
Det var einvegskøyring i 90 minutt torsdag kveld og marerittet for Etne stoppa ikkje før det stod 8-0. Det kunne like godt vore 10-11-0, men litt sløsing må ein tola på ein slik dag.
– Det var herleg å skåra to mål i starten av kampen. Då fekk vi litt ro. Men eg burde kanskje ha skåra eit par til. Fekk nokre fantastiske framspel i dag, sa ein smilande Skjold/Stegaberg-spelar Minte Kastaljanov.
Han sprang frå Etne-forsvaret gong på gong og kom åleine med keeper Lars Øvernes minst tre gonger i tillegg til skåringane. Men ballen gjekk på utsida alle tre gongene. Heimelaget styrte heile 1. omgang og på overtid kom Håvard Hovland åleine mot keeper Øvernes.
20 meter frå mål blei han klipt ned bakfrå og alle venta direkte raudt kort. Men Anfinn Birkeland valde å gje gult og la ballen til rette for Halvor Hansen.

Simon Mala Kuijs har tidlegare spelt for heimelaget, og hatt det mye kjekkare i Grinde før. Her med Adrian Strand i ryggen.
FOTO: ALF-EINAR KVALAVAAG/TYSVÆR BYGDEBLAD