Jentelaget som gjekk til topps i Etne Cup. Bak frå venstre: Madelen Haugen, Linnea Håheim, Sigrid Austrheim, Ellie Ludvigsen, Silje Markhus Hegerland, Reidun Matre, Live Vevatne, Lisa Ramsvik.Framme frå venstre: Inger Rullestad, Alida Skålerud, Malene Fosso Moe, Iben Sørheim, Maren Vevatne, Astrid Kvalvågnes.FOTO: PRIVAT
Jentelaget som gjekk til topps i Etne Cup. Bak frå venstre: Madelen Haugen, Linnea Håheim, Sigrid Austrheim, Ellie Ludvigsen, Silje Markhus Hegerland, Reidun Matre, Live Vevatne, Lisa Ramsvik.Framme frå venstre: Inger Rullestad, Alida Skålerud, Malene Fosso Moe, Iben Sørheim, Maren Vevatne, Astrid Kvalvågnes.

Etne Cup

Dobbel til Etne IL i finalane

Etne IL forsynte seg godt i årets Etne Cup. Både jentene og gutane gjekk til topps i 13-årsklassane.

Publisert Sist oppdatert
Av dei 84 kampane som blei spelte på sundag, var det dei siste finalane for J13 og G13 som naturlegvis drog flest folk, då desse vart spelte heilt til slutt. Fleire hundre fekk med seg fire omgangar på 25 minutt. Det vart god stemning på tribunen og ikkje minst god fotball på banen.
Les alt om turneringa her: Etne Cup 2024
Spelarane vart ropte opp av speakeren, og dei tok eit steg fram for å helse når namna deira vart ropte opp. Det var også dommartrioar, med hovud- og linjedommarar, på plass på begge kampane.

Jente-siger

Arrangør Etne IL stilte sterkt med lag i både gutefinalen og jentefinalen.

Det var J13-klassen som starta klokka 13 på Etne Stadion. Her var det Midtbygdenes IL frå Tau som skulle spele mot arrangør Etne IL. Kampen enda 0-2, etter to scoringar frå Etne sin nummer 40, Inger Rullestad. Med det vann Etne IL J13 årets Etne Cup på jentesida.

Gute-siger

Og Etne gav seg ikkje der. G13-laget til Etne tok seg også heile vegen til finalen, og her stod Haugar IL frå Haugesund på andre sida av bana. Det var ein jamn kamp, men etter ei tidleg scoring frå Etne-kaptein Lukas Tendal klarte Etne til slutt å stikke av med ein 1-0-siger, og gjorde som jentene – vann Etne Cup.

Etter kampane var det pokalutdeling til både første- og andreplassane. Alle spelarane fekk også utdelt kvar sin medalje av ordførar Mette Bergsvåg Ekrheim.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS