Kristian Langeland med hat trick i siste serierunde. Arkivoto: Magne Skålnes
Kristian Langeland. Arkivoto: Magne Skålnes

Avslutta med hat trick

5. divisjon fotball herrar: Kristian Langeland skåra hat trick og bidrog til ein solid serieavslutning for Vats/Skjoldar/Vik. Vindafjordingane hadde besøk av haugesundslaget Hemmingstad torsdag kveld og vann komfortabel 6-0.

Vats/Skjoldar/Vik har hatt ei svært god avslutning på sesongen og enda med dette resultatet på 7. plass, etter at dei tidlegare i haust låg farlege nær nedrykksstreken.

Ved pause stod det 2-0 på Vats stadion etter mål av Daniel Liodden og Kristian Langeland. Liodden noterte seg for ny skåring like etter sidebytte, før Langeland auka leiinga to gonger. Også Jarle Skartland kom på skåringslista og sette resultatet til 6-0.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS