Det tok berre nokre få minutt frå Etne idrettslag opna for påmelding til Etne Cup til dei første klassane var fylt opp. Då strek blei sett hadde 167 lag i dei forskjellige klassane frå 9 til 13 år meldt seg på.
— Det handlar nok om opplevd kvalitet, både på maten og opplegget elles, trur cupgeneral Bjørnar Aastvedt når Grannar spør om kva han trur er hemmelegheita bak suksessen.
Til saman tek Etne Cup imot 1.913 spelarar og trenarar. I tillegg kjem foreldre og andre gjester. Det er med andre ord litt av ein folkefest som står for døra. Arrangementet kunne ha vore enda større, men då hadde presset på overnatting og servering blitt for stort. Etne IL vel heller å ha fokus på å levere til så mange lag dei sjølv meiner er forsvarleg å ta imot.
300 frivillige
Bjørnar Aastvedt tok over som leiar for cupen i fjor. Det arrangementet blei så vellukka at han ikkje har angra eit sekund på at han tok på seg oppgåva.
— Det var utruleg kjekt, og det gav meirsmak, seier han. Han omtalar det som eit privilegium å få lov til å leie eit arbeid som betyr så mykje for lokalsamfunnet som det Etne Cup gjer.
— Det er kjekt å få vere ein del av og få sette sitt preg på arrangementet, seier han.
Aastvedt har med seg ein god stab på heile 300 frivillige som tek på seg forskjellige oppgåver under det store arrangementet som varar frå fredag til sundag.
— Det er heilt fantastisk at så mange stiller opp for Etne idrettslag, det er berre å takke kvar og ein, seier han.
Han gir også skryt til lokalt næringsliv som også stiller opp, mellom anna med lokale til overnatting.
Fleire aktivitetar
Nytt av året er at den såkalla Kulturaksen med tilbod om fleire plassar for aktivitet mellom slaga står klar. Laurdag er det også offisiell opning av den nye BMX/pumptrack-banen ved Skakke. Også den blir eit nytt aktivitetstilbod, til glede også for cupdeltakarane. Som i fjor blir også Saloonen tatt i bruk, både til Lego-aktivitetar på dagtid og diskotek om kveldane.
Etne Cup har gått av stabelen jamt og trutt sidan 1980, berre avbroten av koronapandemien i 2020 og 2021. Det er det viktigaste for laget når det kjem til inntekter. I fjor sat klubben igjen med eit overskot på rundt ein million kroner, og ein reknar med at det skal bli fasiten også i år. Her høyrer det med at dei i fjor fekk hjelp av særs godt vêr. Så varmt var det at brannvesenet innførte bålforbod.
— Dermed var den einaste godkjente plassen ein kunne få seg grillmat ved Etne IL sin salsgrill, noko som bidrog til meir omsetnad, fortel han.
Middag på nytt kjøkken
Det er Lundal Mat AS som leverer maten, og i år blir den laga til på det nye kjøkkenet på kultursenteret Skakke. Ombygginga der er på det næraste ferdig, og middagane blir også servert inne i storsalen der. Kampane blir spelt på den nye kunstgrasbanen, på grasbøen ved sida av kunstgraset, på Engebanen, på den tidlegare grusbanen ved Enge skule, som no har fått kunstgras, og på grasbanen på Steinsvoll. Sundag er det duka for finalespel på kunstgraset.
Etne Cup er ikkje den einaste fotballfesten som startar fredag. Då blir også Europameisterskapen i fotball for menn blåst i gang i Tyskland. Mange håpefulle håpar å få sett nokre kampar.
— Me kan ikkje lova noko enno, men jobbar med å få til ei løysing for det, seier Aastvedt til Grannar tysdag.
Det blir gjennomført meir enn 400 fotballkampar i løpet av helga. Her frå fjorårets arrangement.ARKIVFOTOFOTO: Grethe Hopland Ravn