Vinnarane i detaljhandelen

— Det er svært gledeleg med ein så stor auke. Det viser at det gir […]

Publisert Sist oppdatert

— Det er svært gledeleg med ein så stor auke. Det viser at det gir resultat å satse, ein slik vekst kjem ikkje av seg sjølv, seier Kjell Grønstad, leiar i Etne sentrumsforeining.
Tala er frå Statistisk sentralbyrå sin halvårlege presentasjon av detaljhandelen målt per innbyggjar her i landet. I gjennomsnitt for heile landet var veksten 5,4 prosent dei seks første månadene.

Forskjellen større
Ein markert trekk lokalt er at forskjellen mellom Etne og Vindafjord er blitt endå større i første halvår enn den var på same periode i fjor. Etne hadde ein omsetnad på 26.604 per innbyggjar dei seks første månadene, medan det tilsvarande talet for Vindafjord var 22.320 kroner.
Forskjellen i omsetnad per innbyggjar var dermed 4.284 kroner i Etne sin favør, medan skilnaden var 1.878 kroner året før. Men så er det berre Suldal som kan konkurrere med Etne sin vekst på 12,3 prosent første halvår.
Grannar har tidlegare rapportert om omsetningshopp i 2007 for enkelte butikkar som flytta inn i Etne senter. Men veksten for Etne held også fram, viser tala frå SSB.

Fleire butikkar
Naturleg nok slår senteret positivt ut for det totale resultatet for detaljhandelen i Etne. Dei to naturlege forklaringane på veksten er mindre handelslekkasje og fleire frå andre distrikt som handlar i Etne.
— Utan at eg har tal for det, trur eg ut frå tilbakemeldingar at heile Etne sentrum har hatt ein vekst. Det eine drar det andre med seg, og alle skjerpar seg i ein ny konkurransesituasjon. Vi har fått fleire butikkar i Etne med senteret. Likevel trur eg ikkje at all veksten ligg i senteret, seier Grønstad.
— Gode tal, men vi skal ikkje ta heilt av heller. Så stor vekst heng jo saman med at det er noko å gå på når utgangspunktet kanskje er litt lågt.
Grønstad trur Etne kan utvikle seg som handelsstad med ytterlegare vekst dersom sentrum får areal til det.

Overraska
Vindafjord er derimot blant kommunane som har klart minst vekst blant dei sentrale kommunane i regionen. Auken på 2,3 prosent er truleg ikkje reell vekst i det heile sidan handelen i Vindafjord er dominert av daglegvare. Prisveksten i denne sektoren var rundt 5 prosent i denne perioden. Leiaren i Ølen Forum, Birgithe E. Klungland, meiner det uansett går rette vegen når handelen Vindafjord har vekst.
— Men eg er litt overraska over forskjellen mellom kommunane. Vi må samarbeide for å tette igjen meir av lekkasjen til Haugesund. Etne har fått fleire butikkar og dei har ein del store. Sjølv om Etne har hatt større vekst, trur eg ikkje situasjonen er så ulik, seier ho.
Klungland driv sjølv kafé i Ølen senter og opplyser at dei har god vekst i omsetnaden så langt i år.
— Kor mange kroner det blir handla for lokalt, har samanheng med tilbodet. Difor trur eg at all konkurranse og nyetableringar er positivt, seier ho.

Powered by Labrador CMS