Kulturkonsulent Liv Kari Bødtker i Etne kommune er klar for å hjelpe til med spelemiddelsøknadar.
Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
Vil prata om kulturaksen
Kulturkonsulent Liv Kari Bødtker inviterer til eit møte om kva ein skal gjera med området mellom Tonganevegen og skateparken i Etne. Her ligg store, tomme areal, og no ønskjer kommunen innspel til kva ein kan bruka desse til.
Førstkommande torsdag blir det ope møte på tinghuset i Etne der bygdefolk, lag og organisasjonar kan få vera med på å komma med innspel til kva som skal skje med desse områda. Her ligg anlegg for idrett, kultur og fritidsaktivitetar spreidde rundt Skakke som eit naturleg midtpunkt, og tanken bak kulturaksen» er å få på plass eit område som samlar mest mogleg av kultur- og fritidstilbod i ein akse.
I dag er det slik at mellom idrettsanlegga er det areal som blir brukt til lager og parkering, det er gamle bygg som skal utrangerast på sikt og det er heile område som ligg dødt store delar av året. Her ønskjer kommunen å gjera noko konkret.
— Me er litt redde for at me skapar veldig store forventningar når me går ut slik, for det er dessverre ikkje slik at me plutseleg har funne ei gullåre og blitt rike. Men me som jobbar i kulturavdelinga får jamleg innspel rundt kva innbyggjarane våre ønskjer seg, har lyst til å byggja eller har behov for. Det kan me ikkje løysa åleine, seier Bødtker.