Arrangementet blir på House of Blues. Her er Reidar Larsen (f.v.) og Alf Warloe Christophersen ved eit tidlegare høve.
ARKIVFOTO: RENATE SÆVAREID
Vil lokke ungdommen heim med julekos
— Me håpar sjølvsagt at nokon skal få lyst til å flytte til kommunen vår etter å ha deltatt på denne kvelden, skriv Etne kommune på si nettside.
Arrangementet er i regi av Bu i Sunnhordland. Kommunen ønskjer å freiste ungdommane til å flytte heim, og spør seg kva som kan vere betre enn å arrangere mingel saman med lokale verksemder når ungdomen er heime på ferie.
Det blir ein kveld der studentar, tilreisande og innbyggjarar som allereie bur i kommunen, kan mingle med kvarandre og bli kjende med verksemdene i Etne kommune. Det blir sett opp minibuss tur/retur Etne senter–Skånevik.