Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Lisa Marie Ness Klungland fryktar for arbeidsplassane i distrikta etter at ein rapport føreslår å leggja ned Sandeid fengsel. Foto: Grethe Hopland Ravn/Jon Edvardsen
Lisa Marie Ness Klungland fryktar for arbeidsplassane i distrikta etter at ein rapport føreslår å leggja ned Sandeid fengsel.

Vil kjempa mot nedlegging

Publisert Sist oppdatert

Rapporten som er utarbeidd av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI) og Statsbygg i fellesskap, blei presentert i mars i fjor, men justisminister Emilie Enger Mehl la rapporten bort og ville ikkje gjera noko med han på dåverande tidspunkt.

Lisa Marie Ness Klungland opplyser at den nye justisministeren, Astri Aas Hansen (Ap) måndag for ei veke sidan fekk eit skriftleg spørsmål frå leiaren i justiskomiteen, om ho kom til å leggja fram ei stortingsmelding på kriminalomsorga. Det stadfesta justisministeren, og om rapporten frå KDI og Statsbygg skal leggjast til grunn, blir Sandeid fengsels føreslått nedlagt.

— Det meiner eg vil råka lokalsamfunnet hardt og eg fryktar at Arbeiderpartiet er meir villige til å gjennomføra sentralisering enn det Senterpartiet var. Me må kjempa mot nedlegging av fengselet, for eg er uroa for arbeidsplassane i distrikta etter rapporten, seier Ness Klungland.

Powered by Labrador CMS