Illustrasjonsfoto
IllustrasjonsfotoFOTO: Irene Mæland Haraldsen
Vil ha julepynt til flyktningar
Dei fleste flyktningane som har komme til Vindafjord og Etne det siste året ønsker å lage til jul i bustaden sin, men manglar det meste. Nå kan dei som har noko til overs, eller berre ønsker å hjelpe, bidra til å gi flyktningane julestemninga i heimane sine.
Ein kan levere julepynt til servicetorget på rådhuset i Ølen eller på Sjøperlo, frå måndag til fredag mellom klokka 8 og 15.30. Om ein har vanskar med å levera julepynt, ta kontakt med Marita Kvigne i integreringstenesta.