Vindafjord-budsjettet
Vil byggje nytt basseng i Ølen
Ølen IL ber Vindafjord kommune utsetje stenging av bassenget i Ølen til idrettslaget sjølv eventuelt har fått høve til å byggje nytt opplæringsbasseng.
I forslag til budsjett og økonomiplan for 2025-2028 kom kommunedirektør Yngve Folven Bergesen med forslag om å avvikla bassenget i Ølen frå 2026 for å spara pengar. Han føreslår at bassenget blir bygd om til aktivitetsrom for kroppsøving. Slik kommunedirektøren ser det vil det vera for kostbart for kommunen å drifta to basseng når den nye Vindafjordhallen i Vats opnar.
Nå oppmodar Ølen IL politikarane om å utsetje stenginga av bassenget i Ølen eit par år og vurdere eit alternativt løysingsforslag som inneber at idrettslaget byggjer nytt opplæringsbasseng i tilknyting til den planlagde fotballhallen og garderobeanlegget på det nye idrettsområdet i Ølen.
— Me trur me kan få til eit basseng. Me har sett på pris og det vil kosta rundt 20 millionar totalt. Med spelemidlar vil det kosta oss rundt 15 millionar, seier leiar i Ølen IL, Johnny Vik.
Så snart finansieringa er i boks står idrettslaget klar til å starta bygging.
— Me tenkjer eit par år fram i tid. Det tek ikkje så lang tid å byggja bassenget, men først må me har finansieringa på plass, seier han.
Opplæringsbasseng
Det nye bassenget vil bli eit opplæringsbassen med ein storleik på 12,5×8,5 meter og kan brukast både av idrettslaget si svømmegruppe, skulelevar og andre som har behov for svømmeopplæring. Både for finansiering og vidare drift vil idrettslaget vera avhengig av utleige. Potensielle leigetakarar kan mellom anna vera skular i både Vindafjord og Etne.
— Dette er eit opplæringsbasseng som kan vera gunstig i forhold til utleige for skulen i Ølen og Etne. Det kan også brukast av nyinnflytta, som flyktningar, og andre som treng svømmetrening. Og når ein får tilgang til svømmehallen vil ein få tilgang til medlemskap i idrettslaget, seier Vik.
Svømmeklubb
Ølen IL har ein aktiv svømmegruppe med nærmare 200 aktive medlemmer og fleire erfarne instruktørar. For svømmegruppa er tilgang på basseng avgjerande. Utan basseng vil svømmemiljøet stå i fare for å forvitra. Dei eldste medlemmene i gruppa vil ha god nytte av det nye bassenget i Vats når det er på plass, men for dei minste og for personar som ikkje har tilgang til bil eller anna transport er eit opplæringsbasseng i nærmiljøet viktig.
— Nå startar me med faste treningar om eit par veker. Me har medlemmer frå barnehagealder til 16 år, inkludert ei elitegruppe, seier Vik og håpar politikarene vil stilla seg positive til å halda bassenget i Ølen ope fram til eventuelt nytt basseng står klart.
— Me har sendt brev til leiarane i alle parti, seier han.
Ventar med svar
Ordførar Ole Johan Vierdal er kjent med innspelet frå idrettslaget, men meiner det er for tidleg å kommentera saka.
— Eg har sett innspelet men vil ikkje kommentere dette nå. Me har så vidt starta med budsjettprosessen, så me får sjå. Me får ta ein diskusjon, seier Vierdal.