Annelise Grindheim jar jobba som publikumsansvarleg på Sæbøtunet i Etne. Arkivfoto: Irene Mæland Haraldsen
Annelise Grindheim jar jobba som publikumsansvarleg på Sæbøtunet i Etne.

Vil at fleire skal bli kjent med Sæbøtunet

Laurdag er det duka for open dag på Sæbøtunet i Etne. Arrangementet er gratis og alle som ønskjer å sjå kva tunet har å by på kan enten rusla ein tur rundt på eiga hans eller bli med på ein guida tur i eitt tida.

Publikumsansvarleg Annelise Grindheim vil syta for at det blir fyr på bålpanna og kafeen opnar dørene for alle som ønskjer seg ein kaffiskvett.

— Me vil visa fram tunet slik at alle har moglegheit til å bli kjent med tunet og historia. Alle husa er opne og under omvisinga vil det bli informasjon om tunet, gjenstandar og folk som har budd på her. Folk kan også ta med grillmat om dei vil grilla, seier Annelise Grindheim og håpar mange tek turen til det historiske gardstunet i Etne sentrum.

Sunnhordland Museum står som eigar av Sæbøtunet som er ope for publikum faste dagar midt på sommaren og elles etter avtale.

Powered by Labrador CMS