Politistasjonssjef Fredrik Alvestad ved Etne og Vindafjord politistasjon.FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Politistasjonssjef Fredrik Alvestad ved Etne og Vindafjord politistasjon.

Nyttårstankar

— Vi må også utvikle oss og tilpasse oss

Kvar gong eg set på nyheitene, slår det meg kor godt vi har det her i landet. Usemje og konflikt som fører til enorme menneskelege lidingar, er vanskelege og ta inn over seg.

Dette gjer meg samtidig glad for å bu i eit så fredeleg land som Noreg, og for å jobba på ein stad som ved Etne og Vindafjord politistasjonsdistrikt. Det er trygt å bu i våre kommunar, og dette skal vi fra politiet bidra til i fortsettelsen. Ikkje berre med eigne arbeidsoppgåver, men også ved eit godt samarbeid med andre offentlege instansar.

Sjølv om me bur på ein fredeleg stad, skjer det stadig ulykker, kriminalitet og andre uønska hendingar. Vi skal derfor ha ein så god beredskap at politiet er tilstades der ting skjer, og at vi har kapasitet til å rykke ut der kor det er nødvendig med operativt politipersonell.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS