Rune Johansen ventar på å bli testa på idrettsplassen i Skånevik av helsepersonell frå teststasjonen for Etne og Vindafjord. F.v Maria Lilleskog, Jane Eriksen, Sølvi Haraldseid og Ingrid Markhus Knutsen. Resultata kjem truleg onsdag.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Ventar spent på fleire hundre testresultat
Etne kommune ventar spent på resultat av rundt 250 testar som er tatt dei to siste dagane. I Vindafjord er ca. 60 personar i karantene etter å ha blitt testa for covid-19.
Etter urovekkande nye smittetal i helga og måndag, hadde det tidleg tysdag ettermiddag ikkje kome nye positive resultat på dei mange prøvane som er tatt dei siste dagane. Det betyr at statusen framleis er 40 med påvist covid-19 i Vindafjord og 13 i Etne kommune totalt.
Utviklinga er mest dramatisk i Etne der det i løpet av fire dagar kom ni positive prøveresultat. Det har ført til stenging av Skånevik skule og strengare restriksjonar ved barnehagar og omsorgssenter.
Kjente og ukjente kjelder