Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Finansminister og partileiar Trygve Slagsvold Vedum under ein pressekonferanse etter sentralstyremøtet til Senterpartiet. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK
Finansminister og partileiar Trygve Slagsvold Vedum under ein pressekonferanse etter sentralstyremøtet til Senterpartiet.

Vedum hardt ut mot Frp: Noreg vart lurt

Publisert Sist oppdatert
— Noreg vart lurt då dei bygde utanlandskablane under førre regjering, seier finansminister og partileiar Trygve Slagsvold Vedum og legg skulda på Frp.

Vedum og resten av sentralstyret i Senterpartiet samla seg måndag formiddag for å drøfte konflikten med regjeringspartnar Arbeidarpartiet om innføringa av tre EU-direktiv i EUs fjerde energipakke.

Etter møtet var Vedum klar i bodskapen om at Senterpartiet er sterkt mot å sleppe meir norsk makt til EU bit for bit.

Han gjekk til frontalangrep på Frp og tidlegare olje- og energiminister Terje Søviknes som var den som sat ved makta i Noreg då tredje energimarknadspakke vart vedteken under førre regjering. Han viste til at både Søviknes og Statnett hadde sagt at etableringa av fleire utanlandskablar ikkje ville påverke straumprisen i Noreg nemneverdig.

— Så Noreg vart jo lurt då ein bygde dei kablane. Og Noreg vart lurt av Terje Søviknes og Frp då dei sa at det å knyte seg til Acer ikkje hadde noka betydning. Alle som har betalt straumrekningar i dei siste fire åra, har jo sett konsekvensen av det, seier Vedum.

Powered by Labrador CMS