Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Regnet bøtta ned i juli. Målestasjonen på Hundseid i Vikedal var blant dei tre våtaste.Illustrasjonsfoto
Regnet bøtta ned i juli. Målestasjonen på Hundseid i Vikedal var blant dei tre våtaste.Illustrasjonsfoto

Vått i Vikedal

Publisert Sist oppdatert

Juli månad har i følgje Meteorologisk institutt vore ein svært våt månad i store deler av landet. Statistikk viser at det fall 25 prosent meir nedbør enn normalt her til lands. Men medan det var svært vått i store deler av Sør-Noreg, var det svært tørt i nord. Dei tre våtaste målestasjonane låg alle i Rogaland.

Vikedal

I Liarvatn i Strand kommune blei det målt 503,5 mm nedbør i juli. Det er 193 prosent meir enn normalt. I Sviland i Sandnes kommune viste måleresultatet 440,3 mm nedbør, noko som er 208 prosent meir enn normalt. Også i Vindafjord bøtta det ned i feriemånaden. Her blei det målt 415,5 mm nedbør ved Hundseid i Vikedal. Det er 112 prosent meir enn normalt. Dei tørraste målestasjonane var Bø i Vesterålen med 8,3 mm nedbør, Bardufoss med 9,1 mm og Dividalen med 10,3 mm.

Powered by Labrador CMS