Etter to års pause er det igjen duka for den tradisjonelle Etnemarknaden der folk og fe møtest, og i år som tidlegare kan publikum venta seg eit rikhaldig program med noko for einkvar smak.
— Det blir eit variert program som skal fengja breitt. Programmessig nærmar me oss slutten og dei største ting er booka, seier marknadsleiar Vidar Lund som inviterer til marknadsjubileum første helga i august.
— Det blir ein jubileumsmarknad, med nummer 40 på 42 år, seier han.