Styreleiar i Havn velforeining, Kristoffer Aardal Teigland er saman med 17 andre eigarar av eigedomar saksøkt av Van AS.Arkivfoto
Vann fram i tingretten – no blir vatnet skrudd på igjen
Haugaland og Sunnhordland tingrett har beordra Aage Vee om å låsa opp Havn vassverk, starta vasspumpene og levera vatn til sine abonnentar. Dette kjem fram i ei midlertidig avgjerd torsdag.
Det har gått halvanna veke sidan vassverkseigar Vee sende ut melding til alle abonnentane om at vassverket hadde stoppa fordi det trong service. Denne servicen hadde Vee ingen intensjonar om å utføra, før Etne kommunen hadde lagt på bordet ein avtale om overtaking, som Vee kunne godkjenna. I løpet av veka blei vasstrykket i dei rundt 30 bustadane mindre og mindre, og fredag ettermiddag var det stopp. Sidan då har innbyggjarane i Havn ikkje hatt vatn.
I avgjerda frå tingretten står det at abonnentane i bustadfeltet Havn har betalt påkoplingsavgifta til Havn vassverk ved utbygging av bustadfeltet. Havn vassverk er einaste etablerte vasskjelde for fleirtalet i bustadfeltet, og det finst inga anna tilgjengeleg løysing for å levera vatn til husstandane, utanom den etablerte infrastrukturen til Havn vassverk.