Anna Klette Steinsland (Vindafjordlista, f.v.) og Guri Ravatn (SV) har saman med Tormod Sandsgård (Vindafjordlista) bedt om at vedtaket av om å leggje ned skular hausten 2025 er lovleg.
ARKIVFOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Vindafjord-budsjettet
Utfordrar skulenedleggingar
Anna Klette Steinsland (Vindafjordlista), Tormod Sandsgård (Vindafjordlista) og Guri Ravatn (SV) har bede om lovlegkontroll av kommunestyret sitt vedtak om å leggje ned skulen på Bjoa og skulen og barnehagen i Imsland. Det kan føre til at saka må behandlast på nytt.
— Me meiner at me har ei ganske sterk sak. Elles hadde me ikkje sendt inn kravet, seier Anna Klette Steinsland (Vindafjordlista).
Ho fortel at dei har kikka på andre saker og sett at det har vore forskjellige utfall av slike prosessar. 6. januar sende ho, Tormod Sandsgård (Vindafjordlista) og Guri Ravatn (SV) inn kravet om lovlegkontroll.
Som følgje av kravet skal spørsmålet om vedtaket om å leggje ned Imsland oppvekstsenter og skuledelen av Bjoa oppvekstsenter hausten 2025 vere lovleg, behandlast i neste kommunestyremøte 11. februar. Dersom eit fleirtal stemmer for at vedtaket var lovleg, går saka vidare til Statsforvaltaren i Rogaland. Skulle Statsforvaltaren konkludere med det motsette, må saka behandlast på nytt.
Avgrensa høyring
Nedleggingane blei vedtatt som ein del av budsjettet for 2025 og økonomiplanen 2025–2028 den 17. desember. Høgre, Frp, Ap, KrF og alle Sp-representantane unntatt Anne Cecilie Berentsen stemte for vedtaket.
Klette Steinsland seier at ho, Sandsgård og Ravatn stiller spørsmål ved saksbehandlingsprosessen og vil sikre at den blei gjort på rett måte, slik at ein skapar presedens for framtida. I kravet om lovlegkontroll skriv dei at det særleg tar utgangspunkt i eit rundskriv frå Utdanningsdirektoratet (Udir) 1. august 2024 med tittelen Behandling av saker om skolenedleggelser og kretsgrenser», og at Vindafjord kommune ikkje har forskrift om skulekrinsgrenser.
Klagarane trekk linjer til vedtaket om barnehage- og skulebruksplan i 2022 og prosessen som starta i 2018, med høyringar våren 2022 før vedtaket. Den gongen blei Imsland oppvekstsenter og skulen på Bjoa bevart. Vidare viser dei til at det blei invitert til ei avgrensa høyring frå kommunedirektør Yngve Folven Bergesen, som la fram sitt budsjettforslag 29. oktober, med frist 8. desember. Grunngjevinga avgrensa høyring var at det blei gjort eit grundig arbeid og utgreiing våren 2022.
Les 42 saker om skulesaka og anna i Vindafjord-budsjettet her.