USA-toll kan føre Jarlsberg-produksjon tilbake til Noreg
Dersom Noreg slepp unna jordbrukstoll til USA, kan det bli aktuelt å ta noko av produksjonen av Jarlsberg frå Irland heim til Noreg.
Det opplyser Tine til avisa Nationen.
Det var måndag at Donald Trump ytra at han vil ha jordbrukstoll.
– Til alle amerikanske bønder: Gjer dykk klare til å lage mykje jordbruksprodukt for sal inne i USA. Det blir toll på utanlandske varer frå og med 2. april, skreiv han på Truth Social.