Forholda var optimale med lite vind på felten fredag føremiddag. Det visste ungdommane frå Etne og Ølen å utnytta.
– Stemninga er på topp, seier ein fornøgd Even Øyjord Rødne.
Han var først ut og sikra seg 20. plassen i Rekruttklassen. Då Grannar snakka med han skulle dei til med å heie på Ragnhild Lien i juniorklassen.